Vi inviterer til frukostmøte i Florø

Lær meir om dei digitale trugslane norske bedrifter står overfor. 8. juni inviterer vi til "Sikkerheit til frukost" på PEAK Florø. Arrangementet er gratis, og det er avgrensa tal plassar.

På frukostmøtet får du eit innblikk i kva trugslar små og store bedrifter står overfor i dag og i nær framtid, og kva bedriftene kan gjere for å unngå å bli offer for cyberangrep.

Vi får besøk av Geir Raudøy-Olsen, etterretningsleiar i Vest politidistrikt, som tek oss gjennom politiet si vurdering av kva som er og kan bli alvorlege kriminalitetstrugslar mot IKT-sikkerheit og digital infrastruktur.

Trugselbiletet endrar seg heile tida, og i dag er små bedrifter like utsett for cyberangrep som store. Tussa IKT gir oss ein gjennomgang av utvikling og trendar innen cybersikkerheit, og korleis bedrifter enkelt kan sikre sine eigne data.

Vel møtt!

Stad: PEAK Florø, Strandgata 52, 6900 Florø
Tid: 8. juni 2022, kl. 08:00 

Program: 

08:00 - Oppmøte og frukost

08:30 - Tussa IKT - eit leiande IT-selskap på Vestlandet, v/ Norodd Dyrhovden i Tussa IKT

08:50 - Morgondagens digitale trugslar v/ Geir Raudøy-Olsen, etterretningsleiar i Vest Politidistrikt

09:10 - Utvikling og trendar innan digital sikkerheit v/ Tussa IKT

© Tussa IKT AS, Langemyra 6, 6160 Hovdebygda. Sentralbord 70 04 62 00. Personvern

Arrangementet er stengt for påmelding.